mandag 24. november 2008

Haugtussa

På fredag hørte vi på Ketil Bjørnstad og Lynni Treekrem si tolking av Arne Garborgs Haugtussa. Dei har valt ut nokre av dei mest sentrale (og kjende) tekstane frå Garborg sin diktsyklus til plata si. Bjørnstad har komponert musikken, mens Treekrem har gitt stemme til Veslemøy. Eg sa på fredag at vi denne gongen ikkje skulle leggje så stor vekt på diktanalyse og verkemiddel – dette kjem vi heller tilbake til etter jul. No er det den meir intuitive opplevinga av teksten som står i sentrum. I morgon (tysdag 25.11) etter midttimen skal de skrive ein kort tekst i bloggen dykkar (200-400 ord). Vel ein av desse innfallsvinklane:

1. Haugtussa og eg (eller vi): Det er over 110 år sidan Garborg skreiv Haugtussa (1895), og diktsyklusen tek m.a. opp i seg ei førestellingsverd med tussar, draugar og gjengangarar som kan verke framand på oss som liker å kalle oss moderne menneske (det gjaldt nok også mange av lesarane på 1890-talet). Kan vi likevel ha nytte og/eller glede av å lese Haugtussa i dag? Kvifor/kvifor ikkje?

2. Haugtussa og musikken: Teksten til Garborg er svært musikalsk og songvennleg i seg sjølv. Likevel vil det å høre ei tonesett tolking gi eit anna inntrykk av teksten enn om ein berre skulle ha lese han for seg sjølv. Skriv litt om kva for oppleving du sitt igjen med etter å ha hørt Bjørnstad/Treekrem si tolking – kva gjorde ho med/for/mot teksten? Om du har kjennskap til andre musikalske utgåver av Haugtussa må du gjerne trekkje inn dei, også.

3. Vel ut eit dikt/ei strofe/eit tema frå Haugtussa som gjorde inntrykk på deg, og sei noko om kvifor.

Skriv på nynorsk! Hugs overskrift!

tirsdag 18. november 2008

Ordne, fikse og skrive

I dag skal dere gjøre to ting i bloggen deres:
1. Rydd opp i bloggen - bort med spill og reklame og inn med norskfagligheter (og en høvelig tittel om du ikke allerede har det)!
2. Skriv et innlegg med utgangspunkt i fordypningsoppgaven din. Forslag til fokus:
a. Hvis du står fast i arbeidet, kan du si noe om hva som er problematisk. Vær konkret!
b. Hvis du har kommet et stykke på vei, kan du si noe om hvor du er i prosessen og hva som er hovedpoenget i oppgaven din - altså antyde et slags svar på problemstillinga di.